Luksus eller funksjonelt bad

Eit godt baderom er ein god start på dagen. Badet skal gje ro og komfort både mellom oppgåver i kvardagsjaget, etter ein lang, tung fjelltur, og når dagen er slutt. Slik vi ser det, treng det ikkje vere nokon motsetnad mellom det luksuriøse og det praktiske, så lenge løysinga er smart. På badet, som i huset og i hytta elles, er vårt mål å finne løysingar som kler kunden.

I mange tilfelle kan det vere vanskeleg å få butikkferdige løysingar til å passe godt på den rette veggen, og å utnytte arealet maksimalt. Våre tilpassa løysingar kostar gjerne litt meir, men ikkje meir enn dei må for å dekke dei behova du som kunde har.

Alle våre baderomsskåp vert levert med heiltre skrog og frontar i heiltre eller MDF. Sjå dei ulike modellane under.