«Hytta mi»
Fleire av våre kundar har spesielle ønske for korleis hytta skal vere, og mange kjem med eigne teikningar. Med lang erfaring, eigne teiknarar og dyktige tømrarar tilpassar og leverer vi hytta og interiøret slik du ønsker det, ned til minste detalj.
Nokre gongar kjem kundane med teikningar frå ein arkitekt, og slike prosjekt likar vi også!



Få det som du vil
Mykje interiør produserar vi sjølv i fabrikken. Vi lagar hyllesystem, senger, stigar, trapper, bord, benkar, garderobeskåp og mykje meir. I tillegg samarbeidar vi med andre produsentar av kjøkken- og baderomsinnreiing. Ofte må møblane tilpassast unike mål for hytta, leilegheita eller huset, og det er leikande lett for oss å gjere. På fabrikken har vi smarte maskiner og erfarne folk som kan løyse det meste. Kom gjerne innom med teikningar av eigne møbelidear, så finn vi ut av det! Spør oss gjerne om «Hytta mi» og om meir informasjon.
JB-hytta og ljoren: Den sunnfjordske arven
Ei hytte er mykje meir enn fire veggar med tak over. Dei tradisjonelle JB-hyttene våre er baserte på god, gammal byggeskikk fra Sunnfjord, tilpassa dagens krav til kos og funksjonalitet. Som dei gamle sperrestovene i området, har JB-hytta eit ope, luftig opphaldsrom med ljore i taket. I dei gamle røykstovene fungerte ljoren som skorstein, men ljoren forsvann ikkje sjølv om pipene kom inn i bildet. Grunnen til det er lyset. Lyset som fell frå ljoren fyller rommet på ein annan måte enn lys som kjem flatt inn vindauga kan gjere, og gjev opphaldsrommet eit naturleg løft. Sjå meir om våre hyttemodellar her.
Opningstider:
Man-Fre: 8:00-16:00
Lør: stengt
Søn: stengt
Besøk oss:
Jølster Bygg og Interiør
Hjelmbrekkevegen 3
6847 Vassenden
Tlf: 57 72 74 15
E-post: post@jolsterbygg.no