Hytter frå Jølster Bygg og Interiør

Alle hyttene våre følgjer krava i TEK 17, men dei er også ytterlegare tilpassa påkjenningar i ver og klima på høgfjellet og ved sjøen. For at du skal få en lun og varm hytte brukar vi alltid dobbel utvendig vindsperre på alle ytterveggar. For at du skal sleppe å måle vindua kvart femte år, så brukar vi vindu med aluminiumsbeslag. Unødvendig vedlikehald og reparasjonar er kjedelig, så difor inkluderer vi syrefaste hengsler, vridarar og beslag så slepp du å tenkje på det også.
Fullisolerte innervegger gir ein jamn varmefordeling og betre lyddemping, slik at alle kan nyte fred og ro på hytta. Ei hytte skal vare i fleire generasjonar, og med våre løysingar og tilpassingar skal ikkje vedlikehald vere det første du må tenkje på når du låser deg inn i hytta. På sikt blir billege løysingar dyre, og difor er det så viktig med erfarne handverkarar og rette materialar for å halde arbeidsmengde og vedlikeholdsbudsjettet nede.