fbpx
Vi set kvalitet høgt, både i produkta vi leverer og i vårt møte med deg som kunde. Som din lokale leverandør av hytter og interiør møter vi deg også etter at produktet er levert.

Velkommen til Jølster Bygg og Interiør

I over 40 år har vi bygd hytter på Vestlandet, så vi kjenner det lunefulle klimaet her i detalj. Vår erfaring og kunnskap, kombinert med nøye utvalde samarbeidspartar og kjende underleverandørar, gjer at du kan vere trygg på at rette produkt og framgangsmåte vert brukt i det klimaet der du ønsker å bygge. Kanskje viser det seg at standardiserte løysingar ikkje held mål for å skape den løysinga du vil ha. Vi tilpassar difor kvart prosjekt i detalj.

«Hytta mi»

Fleire av våre kundar har spesielle ønske for korleis hytta skal være, og mange kjem med eigne teikningar.
Med lang erfaring, eigne teiknarar og dyktige tømrarar tilpassar og leverer vi hytta og interiøret akkurat slik du ønsker det.
Somme tider kjem kundane med arkitektteikningar, og sånne prosjekt likar vi!

Vestlandsveret krev sitt

For at ei hytte skal vare og varme i fleire generasjonar, må den vere tilpassa det vestlandske klimaet.
Mykje nedbør på Vestlandet gjev eit fuktig klima som kan vere ei utfordring om ein ikkje handterer det på rette måten.

Med ferdige element fra fabrikken vår, får hytta raskt tett tak og held seg tørr gjennom byggeperioden.
Å bruke element på denne måten gjev rask og jamn framdrift i prosjektet, og aller viktigast: Du får overlevert ei fuktfri hytte.

For at hytta skal stå støtt gjennom vêr og vind i år etter år, er godt handverk og gode materiale vår førsteprioritet.

Meir produksjon av interiør enn dei fleste veit:

Mykje av interiøret vi leverer, produserer vi sjølv i fabrikken vår. I tillegg samarbeider vi med andre produsentar av kjøkken- og baderominnreiing, så det du vil ha, det får vi til. Vi lagar senger, stigar, trapper, bord, benkar, garderobeskåp og mykje meir.
Ofte tilpassar vi møblane unike mål i hytta eller huset.
For oss er det enkelt å gjere, for vi har smarte maskiner og erfarne folk på fabrikken som kan løyse det meste.
Kom gjerne med teikningar av eigne møbelidéar!

«Da ska gjerast skikkeleg»

Før du går vidare, kan du her kose deg med litt snekkarpoesi:

«Vi laga nytt eller resleie det gamle
både hus og møblar
visst det ikkje er ubotelæ
kan hende du blir forsuppa over ka vi får te
vi hjelpe deg gjerne, da æ no førtrælæ å gå gjerandslause»

Lokal kunnskap

Vi kan Vestlandet!

Fornøgde kundar

Tilpassing og oppfølging av hytter og
interiør gjennom 40 år.

Frå idè til overlevering

Vi lagar det meste i tre, frå skjærefjøl til hytte.

God byggeskikk

Vi er stolte handverkarar!

Har du ein idè eller eit byggeprosjekt?

Kontakt oss for ein uforpliktande samtale.

This contact form is deactivated because you refused to accept Google reCaptcha service which is necessary to validate any messages sent by the form.