«JB-hytta» – hytte med historie

Den tradisjonelle «JB-hytta» har fleire spesielle detaljer. «Bete» og «Ljore» er ord frå dei gamle sperrestovene som stod i dei fleste tun på Vestlandet for 100 år sidan. Vi har teke vare på handverket og ført tradisjonen vidare. Bete er synlige bjelker i taket og ljore er et lite takvindu i mønet som i dag slepp lyset inn ovenfra, men som før slapp ut røyk fra grua. Sprossa vindu, kledning i varierande dimensjonar, runda sperrekolbar og kraftige stolpar for takutstikk er fleire detaljar som gjer JB-hytta heilt spesiell. På samme måten som sperrestovene fekk tilbygg, vert JB-hytta utforma med tilbygg i ulike storleikar, alt etter kva behov for romplass du har.