Imponerende design – moderne hytter

Vårt tette samarbeid med kunder, arkitektar og utbyggarar har resultert i fleire hytter i ein moderne og strammare stil. Våre eigne teiknarar realiserer dine idèar og ønsker slik at det bli heilt unike hyttebygg som skil seg ut både i form og materiallvalg. «Holmevika» og «Hauk» er døme på spesialteikna hytter som vi kan tilby. Hyttene er arkitektteikna og har eit moderne preg. Med nytenkande løysingar, overbygg og flotte uteareal er dette hytter som passar dei fleste. Her er også innspel av tradisjonelle løysingar i samhandling med moderne og praktiske tilpassingar. Spør oss gjerne om meir informasjon om våre andre hyttemodellar.