Kven er vi – og kva leverar vi?
Jølster Bygg og Interiør er ei bedrift plassert på Vassenden i Jølster, i Sunnfjord, og har over 40-års erfaring med hyttebygg, kjøkken og produksjon av inventar. Våre hytter blir produsert i element ved vår fabrikk på Vassenden og seinare montert byggeplass. Effektiv, rask montering og tett hytte på ei veke. Slik kan vi tilpasse montering til godt ver og bygget blir montert tørrt. Elementa blir levert ferdig isolert innvendig og ferdig vindtett utvendig, kledning og panel blir montert på tradisjonell måte.
Vi produserer vår populære «Jb-Hytta», eit hyttekonsept utvikla og basert på gammal god byggeskikk frå Sunnfjord, som er tilpassa det vest-norske klima og dagens krav til komfort og velvære. Vi teiknar som hytteleverandør di heilt spesielle hytte ut frå dine skisser, ynskjer og behov – uavhengig av stil. Funkis eller tradisjonell – du bestemmer!
Hos oss produserar vi også vårt eige Jb-Kjøkken. Kjøkken med skrog i heiltre og med frontar i diverse utførelsar som tre, malt mdf, kryssfiner m.m – håndarbeid tvers gjennom. Baderomsinnredning, garderobeskap, hemsstigar, bord og benkar er døme på andre produkt vi produserar mykje av.
Jølster Bygg og Interiør er del- og total-leverandør av innredning til fleire kjente aktørar på hyttemarkedet på austlandet – eit resultat av kvalitet og presise leveransar. Vi har også godt samarbeid med fleire arkitektkontor som kan bidra med spesialløysingar for både hytte og inventar.
Vi har i over 40 år levd av fornøgde kundar og levert våre tenester skreddarsydd frå ide til ferdig produkt.
Hytter – Vår erfaring
Vi produserer vår populære «Jb-hytta», eit hyttekonsept som er utvikla og basert på gammal god byggeskikk frå Sunnfjord, er tilpassa det vest-norske klima og dagens krav til komfort og velvære. Hos oss kan du få teikna di heilt spesielle hytte ut frå dine skisser, ynskjer og behov, uavhengig av stil. Funkis eller tradisjonell – du bestemmer. Våre hytter blir produsert i element ved vår fabrikk på Vassenden og seinare montert byggeplass. Effektiv, rask montering og tett hytte på ei veke. Slik kan vi tilpasse montering til godt vèr og bygget blir montert tørt.
Kjøkken, bad og interiør (spesialmøblar)
Vi har ein stor marknad innan spesialmøblar, bad og kjøkken og vi ser at mange kundar i dag ynskjer sin eigne spesielle møblar. Hos oss kan vi hjelpe med design, val av material, måltaking og montering – eller du kjem til oss med dine teikningar og idèar og vi saman finn løysinga du er ute etter. Sjå også utval frå AUBO kjøkken.
Då vi også produserar vårt eige JB-kjøkken, med skrog av heiltre og med frontar i diverse utførelsar som tre, malt mdf m.m – har vi fokus på handarbeid og kvalitet, tvers gjennom. Baderomsinnredningar, garderobeskap, stigar, bord og benkar er døme på andre produkt vi produserar mykje av.
Opningstider:
Man-Fre: 8:00-16:00
Lør: stengt
Søn: stengt
Besøk oss:
Jølster Bygg og Interiør
Hjelmbrekkevegen 3
6847 Vassenden
Tlf: 57 72 74 15
E-post: post@jolsterbygg.no